For deg som eig ein heim med potensial og ynskjer å få det heilt rett.

Gjennom analyse, materialforståing og presise val skaper eg samanheng i heimen din. Saman skapar vi ein heilskap som både fungerer - og varer.

Tenestane

Her får du oversikt over dei tenestane eg tilbyr. Har du noko anna i tankane? Eg tilpassar meg gjerne for å finne ei løysing som passar deg.

  • Løft heimen din med heildekkjande interiørdesign frå Studio Fürstenberg. Saman skapar vi ei skreddarsydd og heilskapleg oppleving – frå første idé til ferdig heim.

    Fordelane med heildekkjande design

    • Personleg tilnærming

      Designplanar skreddarsydde etter din stil og dine ynskje.

    • Ei saumlaus oppleving

      Eg styrer prosjektet frå A til Å, så du kan slappe av.

    • Fagleg rettleiing

    Dette leverer eg

    • Romplanlegging

    Saman gjennomgår vi planløysing, flyt og rombruk – og sørgjer for at kvart rom fungerer både praktisk og estetisk.

    • Overflater og materialval

    Eg hjelpe deg med å velje material og finish til alle rom – frå golv og fliser til fargar og detaljane som bind det heile saman.

    • Møblar og styling

    Vi vel ut møblar, tekstilar og detaljar som passar deg og livsstilen din – og avsluttar med ei gjennomtenkt styling av heimen din.

    • Innkjøp og koordinering

    Eg handterer kontakt med leverandørar, følgjer opp bestillingar og sørgjer for at alt kjem fram som det skal.

    • Prosjektleiing

    Eg held i alle trådane undervegs, så prosjektet held framdrift og kvalitet frå start til slutt.

    • Ferdig innflyttingsklart

    Eg plasserer og arrangerer alle møblar etter designplanen – så du kan gå rett inn i ein ferdig heim.

  • Opplev fridomen og fleksibiliteten med virtuell interiørdesign frå Studio Fürstenberg – eit effektivt alternativ for deg som ynskjer profesjonell hjelp på eigne premissar. Perfekt for deg som vil ha eit gjennomtenkt design, men gjerne styrer gjennomføringa sjølv.

    Fordelane med virtuell design

    Kostnadseffektivt

    Du får ein profesjonell designplan til ein lågare kostnad enn eit fullservice-prosjekt.

    Fleksibelt

    Arbeid i di eiga tid og i ditt eige tempo – heilt frå eigen sofa.

    Fagleg kompetanse

    Du får ein skreddarsydd designplan tilpassa din stil og dine behov.

    Dette leverer eg:

    Moodboard

    Vi set saman eit utval bilete, fargar og designelement som fangar uttrykket og stemninga vi skal skape i rommet ditt.

    Romplan og oppriss

    Vi lagar ein planteikning med fokus på god flyt og funksjonalitet. I tillegg teiknar vi oppriss som du kan bruke som grunnlag for handverkarar eller eigeninnsats.

    Material- og overflatevalg

    Saman designar vi kvar detalj for eit heilskapleg og vakkert resultat – frå fliser og golv til armatur og innslag.

    Møbelval

    Vi vel ut møblar og detaljar med omsyn til livsstil, proporsjonar, farge og budsjett – og legg til dei siste laga som gjer rommet til ditt.

    Videopresentasjon

    Eg sender deg ein gjennomgang av designet på video, som du kan vise til handverkarar eller bruke som referanse når du handlar inn.

    Handleliste med lenkjer

    Du får ei komplett liste over alle val med direktelenkjer, så du enkelt kan handle inn i di eiga tid.

  • Heimen din er i stadig utvikling – og eg er her når du treng støtte. Med ei oppfølgingsteneste frå Studio Furstenberg kan du enkelt bestille ein samtale eller eit heimebesøk for å diskutere nye idear, justeringar eller neste steg i heimen din.

Følg Studio Fürstenberg på sosiale mediar

To gullene dusjhoder med grønne planter og en metallhylla i midten med to såper og en vaskekost.
Et koselig stue med to beige sofaer og en brun lenestol rundt et trekullbord, med åpen peis, lyslenker, en stor speil over peisen, en bokhylle, og store vinduer som viser utsikt mot sjøen med trær.
To personer håndhilser mot en beige vegg, en kvinne til venstre og en mann til høyre.

La oss jobbe saman

Om du er interessert i å jobbe med meg, fyll ut informasjonen i skjemaet ved sida av. Eg ser fram til å høyre frå deg!